Skjærtorsdag, en aktiv dag.

Me var invitert på påske middag til mamma og pappa. Derfor var det ei stund tvilsomt om det blei orientering i dag. Det blei tilslutt bestemt, at me skulle gå nokre få poster. Valget falt på det næraste kartet. Tidlegare hadde me ein tradisjon. Me gjekk turstien ut til Ryvarden fyr, der kokte me egg og koste oss. Etter at fyret blei kulturfyr, det blei open kafé og kunst utstillinger. Har det etterhvert blitt ganske mange, som går denne turen skjærtorsdag. Det ser faktisk ut som den rene folkevandringa på stien. Du treffer ofte kjensfolk på vegen ut. Men flere og flere av dei som går, er ikkje fra bygda. På veg mot dagens poster gjekk me ei stund på denne folksomme stien, før me svingte ut i lyngheia. Dei første tre postene var lette å finne, me sleit meir med den fjerde og siste me tok. Denne var ganske gjøymt.



Den eldste, med den yngste. Nydeleg lam mamma hadde laget til oss forresten, for ikkje å snakke om dessert og kaker. Kjekt å henge med storfamilien, men og godt å trekke seg tilbake med ei god bok. Har eit mål denne påsken. Det er å gå tur kvar dag. Ligger bra ann til å klare det så langt. Sjølv om eg har klart å vrikke ankelen...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Ingeborg

Ingeborg

34, Sveio

Velkommen til min blogg. Eg er ei blid jente fra landet med mann og tre barn. Blogger om å være aktiv med barn, friluftsliv, baking, kvardag og ellers det som faller meg inn. Bildene er tatt med mobilen min, om ikkje noko anna står.

Kategorier

Arkiv

hits